Ilze Juhansone

Ilze Juhansone

Fødd1971
NasjonalitetLatvia
Yrkeambassadør, generalsekretær
Alma materUniversitetet i Latvia
juss
filologi

Ilze Juhansone (fødd i 1971) er ein latvisk filolog og jurist. Frå 14. januar 2020 er ho generalsekretær i Europakommisjonen.[1] Ved utnemninga hadde Juhansone vore fungerande generalsekretær sidan august 2018.[2][3]

Juhansone blei fødd i Den latviske sosialistiske sovjetrepublikken i Sovjetunionen. Frå 1989 til 1994 studerte ho latvisk filologi ved Universitetet i Riga.

Juhansone har vore rektor ved ein yrkesskule og arbeida i leiinga ved flyktningekontoret i Riga. Frå 2003 til 2004 var ho jurist ved den latviske representasjonen i EU og i 2004 blei ho statssekretær i det latviske justisdepartementet. Frå 2008 til 2011 var ho direktør for EU-sakar i det latviske utanriksdepartementet og frå 2011 til 2015 ambassadør til EU. Ho blei visegeneralsekretær i Europakommisjonen i 2015.[3]

  1. Europa-kommisjonen (14. januar 2020). «Ilze Juhansone appointed as the Commission's new Secretary-General today». European Commission - European Commission (på engelsk). Henta 9. juli 2020. «Following the proposal of President von der Leyen, Ilze Juhansone, who is currently the acting Secretary-General of the European Commission, has been appointed today as the Commission's new Secretary-General with immediate effect. | Ilze Juhansone will be the eighth Secretary-General of the European Commission to assume this post. She has served as Deputy Secretary-General of the Commission responsible for interinstitutional and external relations since October 2015.» 
  2. Kostaki, Irene (25. juli 2019). «IlzeJuhansone to serve as interim EU Secretary General». New Europe (på engelsk). Arkivert frå originalen 26. juli 2019. Henta 25. august 2019. 
  3. 3,0 3,1 «Deputy Secretary-General Ilze Juhansone». European Commission - European Commission (på engelsk). Henta 25. august 2019. 

Developed by StudentB